tirsdag 30. november 2010

Fred og Facebook

I læreverket Grip teksten, Norsk for VG3, står opninga av romanen Fred frå 1892 av Arne Garborg, som ein av tekstane elevane kan lese. Det er ikkje lange teksten, men nok til å gje lesaren eit hint om folkelynne og landskap i romanen, slik Garborg skildrar havet "ukløyvt og utøymt" med "trelaust og bert" landskap og ein himmel som "det einaste ljoset over tilværet." ... "Her og der oppetter bakkar og rés kryp låge hus i hop i småkrullar som søkjande livd." ... "Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, ..." skriv Garborg i dei fem fyrste avsnitta, og vi anar eit slitande folk i hard kamp for tilværet.

Utdraget er skrive på ei målform som nok ikkje er lettast tigjengeleg for elevane, med ord som til dømes "æveheims", "døyvt dunder" og "søkjande livd", og noko melankolsk i stilen. Eg var spent på kva slags stemning elevane kom i ved å lese denne teksten, og gav dei i oppgåve å skrive om det på fagsida på Facebook etter å ha lese og arbeidd med teksten. Dei skulle grunngje stemninga si ved å vise til døme frå teksten. Slik gjekk det til at Fred kom på Facebook.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar