tirsdag 30. november 2010

Fred og Facebook

I læreverket Grip teksten, Norsk for VG3, står opninga av romanen Fred frå 1892 av Arne Garborg, som ein av tekstane elevane kan lese. Det er ikkje lange teksten, men nok til å gje lesaren eit hint om folkelynne og landskap i romanen, slik Garborg skildrar havet "ukløyvt og utøymt" med "trelaust og bert" landskap og ein himmel som "det einaste ljoset over tilværet." ... "Her og der oppetter bakkar og rés kryp låge hus i hop i småkrullar som søkjande livd." ... "Det er eit sterkt, tungt folk, som grev seg gjennom livet med gruvling og slit, ..." skriv Garborg i dei fem fyrste avsnitta, og vi anar eit slitande folk i hard kamp for tilværet.

Utdraget er skrive på ei målform som nok ikkje er lettast tigjengeleg for elevane, med ord som til dømes "æveheims", "døyvt dunder" og "søkjande livd", og noko melankolsk i stilen. Eg var spent på kva slags stemning elevane kom i ved å lese denne teksten, og gav dei i oppgåve å skrive om det på fagsida på Facebook etter å ha lese og arbeidd med teksten. Dei skulle grunngje stemninga si ved å vise til døme frå teksten. Slik gjekk det til at Fred kom på Facebook.

Romanlesing

Elevane i VG1 har byrja å lese romanen Mors og fars historie av Edvard Hoem. For det fyrste er historia god, og romanen er godt skrive på eit framifrå nynorsk, men elevane får også eit innblikk i både lokalhistoria frå Møre og Romsdal og Oppland, og frå krigshistoria rundt og etter den andre verdskrigen. Litt kjærleik, mye slit og mange personar, dette er kvardagshistorie på sitt beste. Her får elevane sitje i ro og lese, vi har stillelesing i norsktimane og skriv ei lita oppsummering på Facebook mot slutten av timen, som refleksjon og avrunding av ei god lesestund. Tidleg i romanlesinga skulle dei her oppsummere nokre av dei personane dei hadde lese om så langt, på nynorsk.

Sterke adverbhistorier

Sterke verbhistorier blir det sterke historier av, det blir det også av sterke adverbhistorier som byggjer på sterke verbhistorier. Slik blir elevane medvetne om ordklassa adverb, at ho særleg står til verbet, utfyller verbet og seier noko meir om verbet. For å få fram kva eit adverb er, tok vi i timen utgangspunkt i dei sterke verbhistoriene elevane hadde skrive om på Facebook tidlegare, plukka fram nokre av verba og la til korleis dei vart utført. Vi demonstrerte i klasserommet skilnaden mellom "eg går fort" og "eg går sakte eller langsomt", fekk i praksis fram at det er forskjell på "å skrike høgt" og "å skrike lågt". Etter denne oppvisinga av å gå og å skrike, bad eg elevane gå på Facebook og skrive etter følgjande statusoppdatering: ADVERBHISTORIER! Skriv ei stutt historie med adverb, lag overskrift sjølv og syt for at alle setningane dine inneheld eit adverb.
Dette vart ein time fylt med fysisk framsyning, munnleg aktivitet og skrivande adverbhistorier på Facebook. Dei som ikkje veit kva eit adjektiv er no, må lære det nokså fort, i alle fall om ikkje altfor lenge.

søndag 28. november 2010

Tilnærming til novelleanalyse på Facebook

"Abraham hogger ned Isak" er en novelle skrevet av Espen Haavardsholm som elevene leste i lekse og arbeidet med i norsktimen. Siden dette er en VG1-klasse, må tilnærmingen til teksten være forsiktig og nærme seg sjangeren novelleanalyse gradvis. Ofte inviterer skriveoppgavene på videregående til et kort handlingsresymé av den teksten som skal tolkes, derfor fikk elevene i oppdrag å skrive et kort referat på Facebook, der kommentarfeltet er egnet for kortere tekster, noe som er viktig for et referat som del av en større tekst.

Etter at alle var ferdig med handlingsreferatet, gikk vi over til neste oppgave på Facebook: Hva mener du er budskapet i novellen "Abraham hogger ned Isak" av Espen Haavardsholm? Ved å skrive selv og se hva andre skriver, blir elevene nødt til å tenke over spørsmålstillingen i oppgaveteksten og lære seg å ta stilling til en tekst de har lest. De ser og lærer av medelevers vurderinger, noe som bidrar til å utvide perspektivet deres på hva som kan komme fram i lesning av tekster, håpet er at de blir reflekterte og kritiske til egne og andres synspunkter og senere våger å gå inn i en faglig diskusjon.

fredag 5. november 2010

Sterke verbhistorier


Av sterke verb blir det sterke historier, det er historiene til norskelevane i VG1 eit sterkt prov på. Sterkare kan det ikkje bli. Å lage tekst med dei sterke verba: fare, bere, bryte, bite og finne, må berre bli sterkt.

Tavla var full med a-verbobøyingar som viste kortform i presens og omlyd i preteritum; å bryte - bryt - braut - har brote/i. Tok også med døme på verb som er sterke i bokmål og svake på nynorsk; å hjelpe og å treffe, og skilnaden på å vere og å verte, der elevane ofte blandar bruken av preteritumsforma var (fortid av å vere) med vart (fortid av å verte). Eit råd er å bruke forma å bli - blir - blei - har blitt, for å unngå forma vart i staden for var.

For å gjere det sterkt nok, skreiv elevane kvar si historie med bruk av dei sterke verba vi hadde gjennomgått. Dei fekk frie tøylar til å finne på si eiga historie som dei skreiv inn på faggruppa på Facebook, slik delte dei historiene med kvarandre. Ein sterk verbtime i kombinasjon med tavleundervisning og Facebook, det tradisjonelle og det digitale hand i hand.

Sterkare kan det ikkje bli:

Charlotte: Eg sat på kjøkenet og las i boka mi. Plutseleg fór broren min inn. Han var heilt kvit i ansiktet. Eg fann fram noko mat og drikke til han. Eg skulle til å bere det ut i stova der han nettopp hadde vore, men nå var han blitt borte! Han hadde stengt seg inne på rommet sitt, men eg braut meg inn. Han kom springande mot meg og beit med i armen og beinet. Etterpå prøvde han å finne noko å kaste på meg, og han fann eit balltre som trefte meg i magen. Mor kom heim like etterpå og hjelpte meg med å kome meg på beina igjen.

Stian: Eg prøvde å nå bussen, det blir nok på håret. Eg hjelpte ei gammal dame inn på bussen. På bussen sat det ein mann og las, eg spurte om han hadde ei dotter.Han blei sint, og kom mot meg, han beit meg i rumpa, og det gjorde vondt. Etter det sa han at han budde i Hønefoss, og der har eg budd. Eg drog til Hønefoss for å finne dottera hans, eg håpa på å bli ein lykkeleg gut. Eg braut opp døra og for inn. Eg blei slått i svime av noko, det var noko tungt som trefte meg, så døde eg.

Ole Henrik: Truls kastar snøret uti vatnet i håp om at fisken skal bite. Etter å ha fiska ein stund, får han napp. Han dreg inn fisken og hoppar av glede. Kompisen bryt ut i latter. Han las dagen i forvegen at denne fisken er uspiseleg. Dei to kameratane fer heim igjen.

Sigrid: Det var ein gong eit esel. Dette eselet høyrte til ein handelsmann som frakta varer mellom to store byar, så kvar einaste dag fòr det fram og tilbake mens det bar tung last på ryggen, og mannen ved sia av bar ikkje noko i det heile tatt. Ein dag bestemte eselet seg for at "No er det nok!" og beit mannen hardt i armen. Eselet braut så i stykkjar reipet rundt halsen dens med tennene, og mannen fann ikkje anna råd enn å liggje der på bakken og vri seg mens eselet sprang av gårde.

Rudip: Telefonen ringte, eg bar med meg boka eg las. Det var naboen som ringte og spurte om eg ville komme bort til han å hjelpe han med å bere inn nokon varer. Etter vi hadde bore inn varene, henta han noko å bite på, og der blei vi sittande.

Frida: Det var ein gang ei søt lita jente, som likte å leike og lese. Ho las kvar einaste dag og fann ein dag ut, da ho las i en dagbok, at farfaren hennar hadde vore med på å oppdage eit nytt land i nærleiken av Island. Farfaren hennar og brørne ...hans hadde hjelpt nokre menneskja å flytte til Island. Dei trudde at dei hadde komme fram til den vulkanske øya, men så viste det seg å være noko heilt annleis. Då dei gikk ut av båten braut dei seg gjennom eit tøft terreng. På vegen blei dei biti av slangar og dei trefte på mange skumle dyr, før dei tek beina fatt og sprang tilbake til båten.

Camilla: I går fann eg ei spennande bok, som eg tenkte mor mi ville blitt glad for. Ho elskar å lese bøker! Så eg for heim får å gi den til ho. Ho blei kjempe glad for at eg hadde funne ei bok til ho. Mor mi braut ut i tårar får at eg hadde hjelpt ho å finne ei bok som ho kunne lese.

Mats Andre: Det var ein gong ein mann som fann ein heimløs katt. Han hadde lesi i avisa at den var sakna. Snill som han var hjelpte han til og han for hjem til hun som hadde meldt katten sakna. Da han trefte henne, braut hun ut i tårar. Som takk for hjelpen, fekk han ein bok til å lese

onsdag 3. november 2010

Nynorskretting


Nynorsktimane i VG3 er utfordrande å variere, då elevane har hørt dei same reglane gjenteke i time etter time frå VG1. Grammatikken har dei, også ei stuttare utgåve utforma av kreative norsklærarar her på skulen, men eg lurar litt på kor ofte dei ser på reglane og repeterer dei. Dei har installert iFinger på PC-ane sine, men den viser ikkje alle former og synonym, difor kan ho bli noko knapp. No ligg også Samlaget sin versjon av Nynorsk ordliste førebels gratis ute på nettet, ho er utan tvil ein stor ressurs, saman med søk i Norske ordbøker.

Den beste måten å lære skriftspråket på, er sjølv å skrive og bruke språket aktivt. Difor ga eg elevane i oppgåve å skrive i tjuefem minutt etter ei styrt oppgave med tittelen: "Ei overrasking". Valde ei lett oppgåve, innhaldet ikkje så viktig her, det var språktreninga som skulle vere i fokus, noko elevane fekk beskjed om. Sia dei hadde berre stutt tid å skrive på, trur eg ikkje dei rakk bruke ordbøker, iFinger eller grammatikk i særleg grad, dei laut nok konsentrere seg mest om skrivinga.

Etter avsett tid stoppa eg skrivinga og bad dei byte oppgåver, dei skulle rette oppgåvene til kvarandre. Eg foreslo kven dei skulle byte med, slik at dei ikkje retta for den dei sat ved sia av eller kjende best. Dei sende oppgåvene på mail i læringsplattforma og returnerte på same måten, gjekk inn i Word-dokumentet og skreiv rett form, i ei anna farge, der det var feil. Eller dei skreiv i OneNote og kopierte og sende til kvarandre. Eg merka meg at dei var svært aktive brukarar av mini-grammatikken og iFinger, dei ville gjere det riktig, sia dei skulle korrigere kvarandre. I tillegg gjekk eg rundt og såg på, svara, gav råd og rettleia.

Undervegs sa elevane at dei lærte mye av å rette det andre hadde skrive. I tillegg til at dei fekk høve til å skrive sjølve, laut dei skjerpe seg på reglar og rettskriving ved å rette ukjend tekst. Det er nok lettare å sjå seg blind innan sitt eige produkt enn i det andre har produsert. Difor trur eg elevane lærer mye av å sjå med kritisk blikk på tekstar skrivne av andre. Dette å vise kvarandre kva slags kunnskap dei har, triggar nok ambisjonane om å gjere det riktig.

Dei siste minutta av timen la elevane ut noko dei hadde retta, og som dei hadde lært noko av, på fagsida på Facebook, som kommentar under stausfeltet: Nynorskretting. Eg ser at noko av det som er retta ikkje er direkte feil, det kan vere ei sideform elevane kan bruke, men som ikkje kjem opp som alternativ i iFinger. Slik språkleg aktivitet er likevel med på å gjere elevane meir medvetne om riktig språkbruk.