onsdag 27. april 2011

Profilintervju på Facebook


Saktekster er eitt av dei mange emna elevane i norskfaget på VG1 skal gjennom, ein sjanger dei får svært god nytte av å kunne seinare i livet. Ikkje berre å forstå og tolke ulike sakprosatekster, men også å kunne skrive søknader, gode referat og meldingar til ulike råd og personar. Presist språk og klare formuleringar basert på fakta utan eiga synsing og tolking står sentralt her og må klargjerast for elevane. Dette må elevane få høve til å trene på sjølve, difor er skrivetrening viktig, noko eg i norsktimane freistar å leggje til rette for i så stor grad som mogleg. Her er Facebook det solide verktyet, ofte let eg elevane skrive ei stutt tekst på slutten av timen basert på det emnet vi har gjennomgått. Nokre tekster krev lengre tid for å bli eit godt produkt på det skrivne papiret, som den timen elevane skulle intervjue kvarandre og lage eit portrettintervju av den andre.

Fyrst sat elevane stille og skreiv ned spørsmål dei ville bruke i portrettintervjuet, deretter gjekk dei saman i par og var samde i at det var viktig at dei no samarbeidde med ein eller ei dei ikkje kjende så godt frå før. Dette fann elevane ut av sjølve, og dei valde intervjuobjekta etter kven dei var minst i lag med i skulekvardagen og elles. Det er ikkje så spennande å intervjue bestevennen eller bestevenninna, samstundes såg elevane på dette som ein fin sjanse til å bli betre kjende med fleire i klassa. VG1 er jo det fyrste året på vidaregåande, og klassa har elevar frå meir enn to ungdomsskular, så mange var nye for kvarandre da dei starta opp i haust.

Dei fekk visse retningsliner å halde seg til, som å finne spesielt fram til spennande trekk ved personen dei intervjua, og passe på at dei refererte det personen sa, sjølv om dei skreiv det om med eigne ord, og ikkje leggje orda i munnen på den andre, men stille spørsmål som kravde andre svar enn ja og nei. Etter at intervjua var ferdige, skreiv kvar og ein sin presentasjon av personen, der dei skulle variere med bruk av direkte og indirekte tale i det skrevne intervjuet. Det ferdige produktet skulle vera på ca. ei side som dei skulle leggje ut på faggruppa på Facebook. Det som vart litt problematisk, er at kommentarfeltet på Facebook ikkje eignar seg for så lange tekster, og notat ikkje let seg gjera på ei lukka gruppe, difor opna vi ein diskusjonstråd, eller ordskifte på nynorsk, og limte profilintervjua inn der, for det måtte jo bli profilintervju, i og med at det vart publisert på Facebook, der alle har sin eigen profil.

Fagord og sosialt språk på Facebook


I det digitale klasserommet er orda frå dataverda heime og på sin rette plass blant elevane. Det er få ord dei ikkje veit kva tyder eller kjenner til, og for ein lærar som voks opp med tavle og kritt, og som i fyrste klasse lærte å skrive løkkeskrift med blekk og pennespiss, er mange ord både nye, ukjende og vanskelege. Norskfaget i VG1 blir difor ekstra spennande med kompetansemåla innan fleirspråklegheit, likskapar og skilnader mellom dei nordiske språka og utviklinga innan moderne norsk språk. Særleg moro er det å kunne vurdere språk og sjangrar brukte av representantar for forskjellige yrkesgrupper og i ulike sosiale samanhengar. Her kjem fagorda og orda frå dataverda inn, nok meir daglegdagse for elevane enn dei kan vera for mange vaksne. Oppgåva var å drøfte kva desse orda frå dataverda stod for, henta frå læreboka Grip teksten: cookie, domene, hurtigtast, Java, JPEG, PDF, modem, wlan, ruter, server. Dette var nok godt innarbeidde ord i daglegspråket for dei fleste, utfordringa for elevane vart å forklare noko som var så kjent for dei at dei eigentleg ikkje hadde brukt andre ord enn det omgrepet dei no skulle vise dei kunne, vi snakkar her om den tause kunnskapen. Nokre la til andre ord dei meinte burde forklarast, som betaversjon, brannmur og geek. Kvar elles skulle dette skrivast enn der det hører mest heime? På Facebook, sjølvsagt, det digitale må forklarast på den digitale arenaen, så kjem det til nytte og bruk for fleire. På Facebook blir det lese, delt, brukt og kommentert.

I timen heldt vi oss ikkje berre til fagspråk og ord frå dataverda, vi diskuterte språk brukt innan ulike "sosiale settingar" som elevane seier, og er meir enn dei er klar over sjølve representantar for den språkutviklinga vi les om og har som tema i timen. Etter å ha arbeidd individuelt med dataorda, eller "nerdespråket" som eg hørte ein av elavane kommentere til sidemannen, gjekk elevane i sjølvvalde grupper på fire og oppretta eit dokument i iEtherpad, der dei skulle forklare for kvarandre kva dei oppfatta som skilnaden på sosiolekt og dialekt. Ganske interessant å lesa kva dei skreiv; desse elevane er frå Lier, ein stad som er meir prega av bygd enn by. Der innflyttinga er størst frå Asker og Bærum, som på Tranby og Hennummarka, snakkar dei noko finare enn dei på Nordal, som brukar den gamle Lier-dialekten, ifølgje ei av elevane. Svært interessante kommentarar frå språkmedvetne elevar.

Desse kommentarane skreiv elevane inn på Facebook, etter at dei fyrst hadde arbeidd iEtherpad med refleksjonar rundt sosiolekt eller ikkje på heimstaden sin. Det er talespråkmedvetne elevar med fagord og digital kunnskap. På Facebook blir ikkje denne kunnskapen lenger taus eller einemannseige, han blir uttala og delt med fleire.

Digitalt samansett nynorskdikt

Gruppearbeid med musikkvideo er noko som fell i smak hos elevane. Etter å ha lese og arbeidd med lyrikk, vart vi einige om å lage ein musikkvideo ut frå eit dikt elevane valde sjølve og som dei likte. Elevane skulle vera kreative, diktanalyse hadde dei arbeidd med; tema, innhald, formål og form, i tillegg til dei språklege verkemidla. Ifølgje læreplanen for VG1 skal elevane innan dei skriftlege tekstene kunne
tolke og rerflektere over innhold, form og formål i et representativt utvalg samtidstekster, skjønnlitteratur og sakprosa på bokmål og nynorsk og i oversettelse fra samisk
og
gjøre rede for et bredt register av språklige virkemidler og forklare hvilken funksjon de har
Samansette tekster har som eitt av kompetansemåla
beskrive estetiske uttrykk i teater, film, musikkvideo, aviser og reklame og drøfte ulike funksjoner knyttet til språk og bilde
Elevane fekk i oppgåve å finne fram att eit dikt dei likte, bruke det diktet og lage ei stutt historie, der dei skulle setje saman tekst, lyd og bilde i ei digital forteljing på maks 3 minutt. Dei skulle lage tittel og finne tema sjølve. Filmane skulle dei publisere på Facebook, slik at alle fekk sjå og høve til å kommentere dei ferdige produkta til kvarandre. Før dei byrja, gjekk vi gjennom sjangeren musikkvideo på nytt, og alle las kapitlet "Musikkvideoen - en sammensatt tekst" på side 45 i læreboka; Grip teksten. Dette var ikkje nytt for elevane, vi har tidlegare arbeidd med reklame og musikkvideo og diskutert dei forskjellige funksjonane knytta til språk og bilde. Sia dette var ferdige produkt utforma av andre som elevane kommenterte, ville eg utfordre elevane til å skape noko sjølve, men som dei likevel fekk høve til å kommentere og reflektere over.

Oppgåva var å lage ei samansett historie på nynorsk, basert på eit dikt, med tekst, bilde og musikk som skulle passe saman. Eit par grupper ønskte å lage si eiga nynorskhistorie, ut frå eit nynorskdikt dei forfatta sjølve, og dei arbeidde da hardt med språket, dette skulle vera riktig, det skulle jo publiserast på Facebook! Dei viste kva dei hadde skrive til meg, eg korrigerte og gav råd om språkleg struktur, slik at dei var trygge på det språklege. Dette var noko meir lettvint for dei som valde å bruke ferdigskrivne dikt.

Etter at alle hadde posta sine filmar på Facebook, såg vi på filmane på storskjerm i klasserommet og applauderte produkta, det vart nesten som ein mini filmfestival. For at alle skulle reflektere over det arbeidet som var gjort, ikkje berre over sitt eige, fekk alle gruppene i oppdrag å kommentere visse filmar, slik at alle fekk kommentarar på sitt produkt.

Gjennom dette arbeidet oppnådde vi både å arbeide med nynorsk, gjere greie for språk i musikkvideo, og sjekke om form, formål og innhald stemte med bilde og musikk i det ferdige produktet, som igjen elevane kommenterte og drøfta, slik det skal gjerast etter læreplanen når ein arbeider med samansette tekster.

Fokus på miljøvern


Klassen jobbet først med teksten Climate Change som omhandler ulike miljøutfordringer i flere verdensdeler. De måtte så skrive et innlegg på Facebook-siden om hva de mener at de selv kan gjøre for å forbedre miljøet. Her kom det mange gode forslag og vi fikk til en fin diskusjon rundt dette temaet. Vi så deretter på og snakket om lenker som jeg hadde lagt ut på Facebook om Earth Hour, miljøkonsekvensene av tsunamien i Japan, issmeltingens konsekvenser for isbjørnen og vi avsluttet med et foredrag av Al Gore som ligger på nettsiden www.ted.com. Dette er en side med taler av verdenskjente eksperter på ulike områder og er en flott digital ressurs å bruke i engelskundervisningen.

Undervisningsopplegg om britiske monarker


Klassen jobbet først med en tekst om britiske monarker i læreboka før de ble satt igang med prosjektarbeid. Hver gruppe skulle presentere en monark ved hjelp av Power Point og presentasjonen måtte inneholde en dramatisering. Mange av gruppene brukte Windows Live Movie Maker til denne dramatiseringen. På Facebook-gruppen la jeg ut linker til det britiske monarkiets hjemmeside og Facebook-side som begge er veldig imponerende og informative. På Facebook skrev elevene også en kort tekst der de skulle argumentere for og mot monarki og republikk. Vi så også traileren om The King's Speech og YouTube-klipp med sangene God Save the Queen, Rule Britannia og Land of Hope and Glory som alle var lagt ut på Facebook-gruppa. Vi så også på BBCs side om det kongelige bryllupet for å aktualisere temaet. Vi avsluttet med å se den siste filmen om Elizabeth l, Elizabeth - The Golden Age. I arbeidet med dette temaet vektla jeg å bruke varierte arbeidsmetoder og medier og at elevene skulle få øving i å lese, lytte, skrive, snakke, dramatisere, diskutere og samarbeide og i å bruke kilder.

Undervisning i amerikansk politikk


Dette temaet ble introdusert ved at jeg gikk gjennom en Power Point om det amerikanske politiske systemet og klassen jobbet deretter med en tekst i boka - Twelve Questions about Politics in the USA. De leste også et utdrag av Obama's tale Yes We Can som så ble analysert. En link til talen i sin helhet ble lagt ut på Facebook-siden og etter å ha hørt den snakket vi om retorikk og hvilke retoriske grep Obama benytter seg av i denne talen og diskuterte hva som gjør Obama til en god taler. Jeg la også ut en link til sangen Dear Mr.President av Pink på Facebook og elevene måtte skrive en kommentar under linken om hvilke politiske saker som blir tatt opp i denne sangen og avgjøre hvorvidt Pink er demokrat eller republikaner med en begrunnelse.

mandag 21. mars 2011

Nynorskarbeid


Det nærmar seg eksamen artium og nokre av nynorskfeila går att. Elevane gjer dei same feila og læraren rettar dei same feila. Det hjelper ikkje at læraren underviser, korrigerer og forklarer, om att og om att, det er elevane sjølve som må sjå kva slags feil dei gjer og forstå kva dei skal gjera for å skrive riktig nynorsk. Difor la eg ut følgjande statusoppdatering på fagsida på Facebook:
Kva slags feil gjorde du i den siste nynorskoppgåva di, og kva er riktig etter at du har retta? Kva vil du arbeide vidare med i nynorsk framover?
Det viste seg at elevane visste sjølve kva dei hadde skrive og korleis dei skulle formulere seg riktig, dette fekk dei fram i kommentarfeltet på Facebook, der dei reflekterte over eigen språkbruk og sette ord på det dei skulle arbeide vidare med. Slik lærte dei, ikkje berre av eiga gransking over eigne feil, men like mye av andre sin refleksjon, fordi dei såg kva medelevane skreiv. Vanlege bokmålsord som frem, man i staden for fram og ein, går att hos fleire, likedan må dobbel bestemming av substantiv og etterstilt eigedomspronomen repeterast, også bøying av sterke verb, merkeleg at så mange slit med bøyinga av verbet; å skrive. Det letnar på trykket at fleire slit med å oppnå dei same ferdigheitene, her vart det delt oppfatta og lært, den beste måten å lære nynorsk på. På Facebook, sjølvsagt!