Etter å ha lese, tolka, skrive og arbeidd med lyriske tekstar fekk elevane i oppdrag å skrive eit stutt dikt med tittelen "Min draum" på Facebook. Overveldande kor kreative og skriveglade elevane er, her kom dikta på rad og rekkje, og det var mange som drøymde ulike draumar. Her kom ønskje om å dra langt vekk, sleppe lekser og ha ein penn som kunne skrive alt.
Elisabeth skreiv:
min draum er å ha ein penn
som kunne skrive alt eg sier
...min draum er å ha ein bil
så trenger eg ikkje å ta buss
min draum er å dra til syden
der er det ikkje så kaldt
min draum er å bli maskin
sa kunne eg banka opp alle som kalte meg taper
Eg har også stor sans for Danial sitt dikt:
Min Draum
Min draum er å vere helt
Min draum er å vere vel-stelt
Min draum er å jobbe ærleg og redelig
...Min draum er å vere eit snilt menneske som er fredeleg
Min draum er å vere flott
Min draum er å vere heilt på topp.
Og Mats opna dikte sitt med desse verselinene:
Min draum er at alle eg er glad i skal ha det bra
for da har eg det bra.
Eg valde å gjere dette for at elevane skulle få høve til å produsere noko sjølve etter å ha arbeidd med tekstar skrive av andre. Dei får innblikk i kor krevjande det er å produsere gode tekstar, og kva dei vil vektleggje når dei veit andre ser det dei skriv. Samstundes er det med på å øve opp kreativiteten deira i å velje ord og uttrykk for bestemte situasjonar. Dei trener på å variere språket sitt, ta i bruk symbol og lydmalande ord, sjå moglegheitene for oppbygginga av dei ulike strofeformen i lyrikken, alt det vi har arbeidd med i gjennomgangen av lyriske tekstar.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar